Publisert av: Martha Nygård Lande
20/9/2024 15:24
Storsiger til Njardar/Tysnes sitt J14 lag
Like før haustsesongen starta vart 2009 og 2010 årgangen slått saman og jentene tok steget opp til full bane med 11’er fotball.
Jentene har berre blitt betre og betre utover hausten. Torsdag kveld møtte Ny-Krohnborg til kamp på ein strålande grasbane på Reiso.
Njardar sine J14 møtte også i aller høgste grad opp til kamp. Spelet stråla, akkurat som sola, og jentene gav seg ikkje før det stod 10 – 0.
Jentene har trent godt den siste tida, både på eigenhand med ball, og felles treningar. Kjekt å sjå at dette gjev resultat.
Målscorar:
Evelyn Folgerø (4), Regine Tvedt (2), Maren Lunde, Valeria Lymar, Sofie Leithe-Lunde og Thea Bakkane.
No ser me fram til ein spanande haust!