Publisert av: Martha Nygård Lande
9/9/2024 10:37
Njardar/Tysnes sitt G15-lag med siger i dei to siste kampane
Tirsdag 03.09. spelte gutane bortkamp mot Bønes. Der tok dei ein sterk bortesiger.
Vertane var svært ballsikre, men Njardar låg godt organisert defensivt og slapp Bønes sjeldan på nært hald.
Benjamin Bakke heada inn 0 – 1 midtvegs i 1. omgang,
medan Marcus Barmen Laukhamar kaldt og roleg ordna 0 – 2 etter kvilen.
Søndag 08.09. hadde dei heimakamp på Reiso, og vann 6 – 4. Til pause leia Njardar 5-3, og hadde kontroll.
2. omgang vart oppjaga, men spennande til siste fløytesignal.
Juan Santillana scora dei fem fyrste måla, og viste sin klasse. Odin Solheim ordna det sjette målet etter nydeleg spel.