Ausekarane til Tysnes i sommar

Publisert av:
25/3/2010 16:15

HARABALL PÅ NYA FERJO – “AUSA PÅ” 2010
• Tor Endresen, Bjørn Jensen og resten av Ausekarane klare for ny ferjeturne langs Hordaland og Sogn og Fjordane kysten.
• 24 dagar, 24 kaiar, 24 konsertar: Ikkje reis te bydn, me kjem te deg!
• I år med ny og større båt

Sommarturneen til Ausekarane kan i år offisielt seiast å ha vorte ein tradisjon. For tredje gong legg no stjernelaget med trubadurane og humoristane Tor Endresen og Bjørn Jensen i spissen ut på sommarturné langs vestlandsfjordane.

I eitt år har karane gledd seg te å reisa på fjorden igjen. Og i år kjem dei med ein nyskriven sommarslager i kofferten, med om mogeleg endå meir galskap, sprøe innfall, humor og energi enn tidlegare år.

I år gjestar Ausekarane Våge Kai den 1. juli!

Ny båt
Ausekarane har og fått seg ny ferja, med større scene og gode fasilitetar til over 350 publikummarar. So i år vonar dei at ingen vert ståande igjen på Kaien når showet startar!

“Showtime” som nye båten no heiter, er ei flott, ombygd gamal ferje, som tidligare gjekk under namnet MF Forsand. No blir ferja flytande konsertscene for blant anna Ausekarane.  
Billettar
Billettane e ute for salg!

Ordinær billettpris: Kr 375,- + bill.avg.
BT-kort pris:  Kr 315,- + bill.avg.

Abonnentar av Bergens Tidende får spesialpris på inntil 4 billettar. BT-kort må visast ved henting av billettane.

Billettar til framsyningane finn de på www.billettservice.no
De kan og ringa Billettservice på tlf 815 33 133 for å tinga billettar.
Dei er jysla greie, og kan sende billettane rett heim i postkassa di viss du vil.
Det vil og verta lagd ut billettar for salg på nokre lokale utsalgsstader på turneplassar som ikkje har Billettservice-utsal. Meir info om dette kjem etterkvart. Følg med på www.ausekarane.no og i lokalavisa.
Ein kan sjølvsagt og kjøpa billett ombord viss da framleis e ledige billettar, men det hadde ikkje me teke sjangsen på…

Meir informasjon, heila turneruto vår og mykje anna løye finn de på www.ausekarane.no. Velkommen om bord!