Publisert av:
20/3/2010 09:37
I fengsel
Mannen vart pågripen torsdag, og vil i dag verta varetektsfengsla etter dei forhold som han er sikta for.
Til NRK seier politiadvokat Rudolf Christoffersen i Hordaland politidistrikt at det er svært sjeldan at dei gjer beslag av LSD. Ein må 20 år tilbake i tid for å finna slike saker.
Politiet mistenkjer mannen som no er pågripen skal vera sentral i narkotikaomsetnaden i Tysnes. Han vart pågripen ut i frå opplysningar politiet kom over i samband med etterforskinga av ei anna narkotikasak.
Den sikta er for tida busett på Tysnes og er i 30-åra. I ransakinga i heimen hans fann politiet forutan dei 300 LSD-tablettane, også eit gram amfetamin og fleire hundre blåvaliumtablettar, melder NRK.