Nytt tannlegekontor

Publisert av:
18/3/2010 20:17

Det er i Tiko-bygget på kaien, i toppetasjen, at tysnesingane no får eit nytt tannlegetilbod.

Det er tannlege Harald Alexander Noss som har opna klinikk, og den blir ope to dagar i veka. – Men tilbodet vil bli utvida fortlaupande dersom grunnlaget er der, opplyser Noss til Tysnesignen.

Han står ellers oppført som tannlege i Os og driv privat praksis. Har du behov for ein sjekk av tanngarden når du Harald Alexander Noss på tlf 996 34 799.