Bra oppmøte på Mandelhuset

Seniortreff

Publisert av: May Britt Meland
2/6/2024 17:21

Siste seniortreffet før ferien fekk ei lita endring i det kunstneriske innhaldet. «BEST FØR» måtta avlyse på grunn av dødsfall i nær familie.

I staden stillte André Eide sporty opp med pianoet, og det vart ei flott erstatning. På rekordtid hadde han sett saman ein minikonsert med musikalske perler. Han starta sjølvsagt opp med allsongen “Eg heiter Anne Knutsdotter” Han var innom mange flotte stykke: Charlie Chaplin sitt verk Limelight, Green sleeves, Kvite skyer m.fl. før allsongen Mellom Bakkar og berg avslutta.

Den blå hage på Haaheim

 

Reksteren mobiliserer.

Knut Rage fortalde historia om den halte husmannsdottera Herborg Knudsdtr. Berge som mest truleg var modell for Anne Knutsdotter. Claus Pavels Riis budde på Tysnes i over tjue år, også då han skreiv songen. Knut har skrive boka: “Claus, Herborg og Anne, Historien om en sang” som vart selt til mange Tysnesingar.

Ein engasjert Knut Rage i Lunde.

 

Seniotreffet vart avslutta på Tveit Grendahus der Anne Onarheim Langeland fekk overrakt prisen “Kvardagshelt” av Lars Mæland.

 

Neste treff vert markering av Eldredagen den 3. oktober.

Tekst og foto: Per Verner Aase