Stor skogbrannfare
14/5/2024 15:00
Det er flott ver om dagen og det ser ut til å vare nokre dagar framover. Dette gjer at skogbrannindeksen ligg på gult nivå no, men kan krype oppover til oransje på kort varsel. Dette gjer at me må vere ekstra forsiktig i omgang med open eld.
I tidsrommet 15. april til 15. september er det generelt bålforbud i Norge. Det betyr at det er forbudt med bruk av open eld, for eksempel bål, eingongsgrillar, turbrennara og bålpanner i skog og utmark.
Unnatak frå dette forbudet er dersom det er heilt openbart at aktiviteten ikkje kan medføra brann. Det er den som tenner opp som er ansvarleg for å vurdera om det er heilt trygt, og det er også den som tenner opp som har ansvaret dersom det byrjar å brenne. Det er viktig å huske på at det gjerne skal mykje til før brenninga kan vurderast som openbart trygg. Det er flere risikofaktora som bidreg til å auke brannfaren, som vind, tørt jordsmonn, solhellingar, gneistar og brennbart materiale under bakken.
Husk at det skal meir til enn ei enkelt regnbyge for å gjere bakken gjennomvåt når det har vore tørt ei stund, og at fjorårets vegetasjon kan tørka opp veldig raskt. Det kan vere store variasjonar i brannfare frå stad til stad, også i same område. Du skal alltid sløkkja elden etter deg så grundig at det ikkje er nokon fare for at den blussar opp igjen seinare.
Det generelle bålforbodet gjeld ikkje grilling og bruk av bålpanne i eigen hage, parkar, dyrka mark o.l., med mindre området er rett ved skog og utmark. Husk at alle pliktar å vere forsiktige ved bruk av ild – dette gjelder overalt, alltid
Nyt finveret, med ønskje om ei god veke og langhelg med 17. mai feiring.
Brannsjefen