Heilaftan med Elton John på programmet
10/3/2010 09:19
– Det er verkeleg lokale stjerneartistar me kan by på denne kvelden. Saman med songarane har me eit eige band sett saman av Endre Hodneland på piano, Tore Hodneland på gitar, Roger Sjøvold på bassgitar og Øystein Dalland på slagverk. Musikklaget er med som storband, fortel leiar i musikklaget Arve Belt.
Stordingen Jan Magne Olsen er kapellmeister for Elton John oppsetjinga og han har tidlegare hatt stor suksess med liknade show på Stord.
– Dette er verkeleg ei storsatsing frå Tysnes musikklag si side og eg trur me kan by publikum på ein fantastisk kveld. Programmet er sett saman av slagerar frå heile Elton John sin kariere. Eirik har lova at det skal bli laga til dansegolv, sånn at dei som kjenner det rykkjer i dansefoten, vil kunne svinga seg til dei velkjende songane frå den populære artisten, fortel Arve Belt.
Tysnes musikklag lovar ei koseleg råme rundt Elton John kvelden, med småbord i salen og sal av forfriskningar frå eigen bar.
– Me håper på fullt hus denne kvelden, seier Arve Belt og oppmodar folk om å sikra seg billett når dei no vert lagt ut for sal på Vågebuo.