Onarheim musikklag ladar opp til Hordablæsten

Publisert av:
9/3/2010 20:10

Det er tredje året på rad me deltek, og både i 2008 og 2009 vann me klassen for generasjonskorps. Kjempekjekt!

I høve konkurransen vert det lagt opp til ein del ekstra øvingar siste veka før me reiser. Torsdag 11. mars vert det minikonsert i gymsalen på Onarheim skule der me spelar gjennom programmet.

Me får då både kjenna litt på korleis det ligg an med dei musikalske prestasjonane og korleis det er å spele for publikum.

Konserten byrjar kl. 20.00 og det vert servert ein kopp kaffi og noko å bite i. Velkomen!