Årsmøte i Tysnes AP

Publisert av:
27/2/2010 07:35

Leiar Kjetil Hestad sin tale til årsmøteforsamlinga var prega av optimisme og pågangsmot, og det er tydeleg at han er blitt inspirert av å jobba på Stortinget for den raud grøne regjeringa gjennom mange år.

”No må arbeidet setjast i gong med valprogrammet som Tysnes Arbeidarparti skal leggja fram for veljarane i 2011 .  Me hadde ein framgong på 2,5% ved stortingsvalet i fjor, og målet vårt bør vera  å få seks representantar i det nye kommunestyret ”, sa man mellom anna. Det høyrest kanskje optimistisk ut, men i desse OL tider må me ha utfordringar og optimistiske mål å strekkja oss mot, avslutta Hestad.

Valet vart gjennomført utan dei store diskusjonane, og det sitjande styre og leiar Kjetil Hestad vart alle attvalt med akklamasjon.

Elles var dette året med utdeling av heidersprisar  til utruleg mange partivereranar. Dei vart  kvar og ein takka for trufast støtte og engasjement  for Tysnes Arbeidarparti  i medgong og motgong gjennom mange år.