Færre tysnesingar

Publisert av:
18/2/2010 09:25

Statistisk Sentralbyrå offentleggjorde i dag dei siste befolkningsendringane.

For Tysnes var det svært negative tal mellom 01.10.09 – 01.01.10. Nettotilveksten var -15. Det var mange som døydde i 4.kvartal og det var mange som meldte utflytting.

Det var ein nyfødd i 4.kvartal, sju fall i frå. 22 flytta til Tysnes, medan 31 flytta ut.

For heile 2009 viser då tala at me vart 13 færre tysnesingar. 1.januar 2009 var folketalet 2792, medan me pr 1.januar 2010 er 2779. Sjå tabell hos SSB >>>