Open øving

Publisert av:
29/1/2010 14:56

Måndag 1.februar har du høve å oppleva og høyra Tysnes Musikklag i sine førebuingar til NM (som går 5.-6.feb.) i Vonheim.

Arve Belt fortel til Tysnesingen at folk dermed kan få sjå korleis ting blir innøvd fram mot eit meisterskap.

– Musikkinteresserte og andre kan ta del i korleis ting blir gjort. Dirigent Eirik Gjerdevik vil forklara publikum kva det er ein øver på, seier Belt.

Det vert ope i Vonheim frå klokka 1900, og om lag klokka 2000 har musikklaget si fyrste gjennomkøyring.

– Innimellom vert det litt kaffikos, og publikum kan få vera med oss så lenge dei ynskjer utover måndagskvelden, sluttar Belt.