Mange på skiferie

Publisert av:
26/1/2010 14:21

I år etter år har ein gjeng, hovudsakleg frå austsida av øya, reist på skiferie til Alpene.

Så også i 2010. I helga drog 17 tysnesingar avgårde til Saalbach i Austerrike, som ligg om lag tusen meter over havet. Høgste køyrehøgde i alpinbakkane ligg på om lag to tusen m.o.h.

Beate Storesætre er ei av dei faste deltakarane på turane. Ho kan melda heim til Tysnes om at dei i bakken i føremiddag har hatt litt snø, men ellers fint.

Gjengen er på skiferien i ei vekes tid.