Så nærme

Publisert av:
25/1/2010 17:08

Jentene var skikkeleg gira, men veldig nervøse. Dei visste at eit tap kunne øydelegga mykje, og å spela på heimabane er det lenge sidan me har gjort. Prestasjonsangsten var tydeleg på fleire.

Kampen vart som forventa, gjevn ifrå start av. Begge lag hadde veldig gode målvakter, som gjorde jobben sin perfekt. Det vart derfor ein målfattig kamp dette. Me leia 7-6 til pause.

2.omg starta som fyrste slutta. Laga fylgde kvarandre. 8-8 visste tavla, og det resultatet stod sånn i minst 15min! Ganske uvanleg i ein handballkamp! Men som sagt, veldig bra forsvar og  målvakter. Sjølv om me fekk utvisning på vår, så var ikkje reserven i Ingvild Hauge noko verre. Sjølv med målvakt utvist klarte dei ikkje å scora på oss, t.o.m straffe redda ho!!

Bjarg var veldig flink til å pakke inn strekane våre, så me fekk aldri angrepsspelet vårt skikkeleg til i denne kampen. Mange sleit i angrep. Silje derimot fant opningar og vart dagens toppscorer med heile 8 av 12mål!!!!

I sluttsekunda fekk me 7-meter, og kunne ha avgjort det til vår fordel, men nærvene var nok i litt høgspenn, og presset var stort, så skuddet gjekk i stang og ut. Så kampen enda 12-12. I neste kamp håpar me med på at fleire melder seg på scoringslista!

Laget: Celine, Silje(8), Ingse(2), Ingvild(1),Ida, Lene, Linn, Agnethe, Marion, Hege, Sara Elisabeth(1), Janne, Hilde Anette og Ingunn. Merete(skada) var støttespelar på benkJ