Publisert av:
24/1/2010 09:41
Stor stemning på Bjørn Jensen
Ein Bjørn Jensen i storslag fekk latteren ut på Mandelhuset laurdag kveld.
Showet varte om lag halvannan time. På den stunda serverte han mellom anna godbitar som “Peder ferjebilletør” og “Ronny Bruvik”, i tillegg til hans løgne kommentarar og historiar noko som gav lått og løye for dei frammøtte.
Tysnesingane såg ut til å storkosa seg og setja pris på besøket til Bjørn Jensen, då Mandelhuset var fullsett til showet hans.