Takkar for god hjelp

Publisert av:
15/1/2010 08:33

Denne veka fekk Tore Økland transportert møblar, kjøken og materiell med snøscooter frå Skjolda til stølsbuo si på Gjerstadstølen. Snøscooterførar var Gjermund Rosseland.

– Snøscooteren fekk problem opp siste bakken frå Bjødnastølsvatnet, så det vart litt lengre å bera utstyret enn tenkt. Det var tungt i laussnøen, fortel han. – Men Lars Petter og Henrik Epland rasta ved stølsbua, så dei hjelpte til. Og like etter kom Åge Enes med familie og bror min Jan, så dei også hjalp til.

Men Tore har meir ros og dela ut. – Seint ein kveld ringde det på døra heime. Der kom Sigurd Hansen med 7 vakre skilt som han hadde lova å laga for litt over eitt år sidan til venelaget 333 Gjerstadstølen. Slike vener er kjekke å ha, seier stølesutviklaren.

– Sigurd kappa fingrane sine i fjor, og arbeidet med skilta måtte bli utsett. No var jobben gjort, saman med kona Rigmor, og han skulle ikkje ha noko for jobben! sluttar ein rosande Tore Økland over alle som har hjelpt til med prosjektet hans på fjellet.