Publisert av:
14/1/2010 14:35
Gamal båt
I andredelen, side 4, i BT 13.januar stod det om M/S “Firkløveren” som framleis siglar – no som sightseeingbåt i Oslofjorden.
Båten tilhøyrte før i tida Kløverhuset, og var deira reisandebåt i Nord-Norge der det vart gjort handelssal frå båten.
Jørunn Eikeland seier til Tysnesingen at M/S “Firkløveren” vart bygd ved Lunde Båtbyggeri i 1938. Det var far hennar, Johannes Lunde, som teikna båten.
– Det var godt synleg at det var Kløverhuset som eigde båten, for det var faktisk vegg-til-vegg teppe i maskinrommet, fortel ho.
M/S “Firkløveren” hadde eit rom der alle varene var utstilt. Mannskapet bestod av ein skippar, ein kokk og ein seljar.