Isfiske i 15 grader minus
10/1/2010 17:24
Me smurde skiene med blå swix, og saman med restar av gammal skismurning frå siste tur i 2009, gav det godt heng i motbakkane.
Vegen mot Gjerstadstølen var brøyta eit godt stykke, heilt til dalføret som fører ned til Bjødnastølsvatnet.
Ein avtale med grunneigar og nokre timar med motorsag, så skulle det vera ei enkel sak å køyra snøskoter heil fram både til Veestølen og Gjerstadstølen. Dette må vera ei oppgåve for Stølsutviklaren.!
Turen gjekk over Bjødnastølsvatnet og vidare mot Ljosavatnet. Ein liten times gange i eit nydeleg vinterlandskap, så var me framme.
Med nyinnkjøpt isbor, tok det ikkje lang tid å koma seg gjennom den 20 cm tjukke isen. Men fisken let venta på seg. Han var ikkje særleg lysten på det som me hadde å tilby av agn. Dessutan byrja kulda å bita, både i fingrar og tær. Det er ei krevande øving å liggja i ro på isen i 15 grader minus.
Då var det godt å fyra opp eit leirbål og nyta medbrakt, rykande varm kakao.
Auren står seg nok til sommaren.