Publisert av:
3/1/2010 13:20
Stor aktivitet
Skiskyting er vel mest kjent inni nabokommunen vår og Hålandsdalen… Men i dag var det også skiskyting på Tysnes! Det var på bakkane til Per Ingolf Økland at det vart laga til ski- og akedag.
Her var det laga konkurransar i skiskyting, langrenn, akebretthopping og slalomaking.
Folk var møtt opp i hopetal, ikkje berre frå Lunde, men også frå andre bygder møtte det fram born og vaksne som ville vera med.
Det vart ein kjempeflott aktivitetsdag, og med servering av varm kakao som prikken over i’en!