Publisert av: Martha Nygård Lande
8/2/2023 08:54
Seniordansen med flott oppvisning på Tysnes Omsorgssenter
På omsorgssenteret vart februar innvia med dans.
Ein fulltallig seniordans gjorde entré til tonane av Sousa sin “The Stars and Stripes forever”
Dei vart klappa inn i marsjtakt og viste polyneser og ringdansar til brukarane si store glede.
Ein av tilhøyrarane meinte det var like kjekt å sjå på, som å vera med.
Jan Belt har vore koordinator for arrangementet som vart leia av Inger Teigland.
Vi håpar de snart kjem attende, for dette fall i smak.