Publisert av:
16/12/2009 19:49
Kulturprisen 2009
Grunngjevinga for tildelinga til Nils Eivind Hansen er hans store arbeid for barn og unge i Tysnes gjennom fleire tiår.
Ordførar Helge Hauge sa i talen sin at det kanskje ikkje var den aktive spelaren som gjer at Nils Eivind får prisen. Det er hans enorme innsats som trenar i Njardar som ligg mest til grunn. Han har vore trenar for eitt eller fleire lag, frå smågutar og småjenter til dame- og seniorlaget. Både dei aktive og foreldra kunne vera trygge på at alt gjekk greitt når Nils Eivind var trenar.
I tillegg har han vore leiar i Njardar, primus motor for Tysnes Sparebank Cup og han har lagt ned uttallege timar for å halda grasbanen på Reiso i hevd. Eit enormt arbeid er lagt ned av kulturprisvinnaren til beste for barn og unge i Tysnes.