Publisert av:
15/12/2009 14:33
Øvingslokale
– Eg forstår det slik at det er behov for øvingslokale for band her på øya. For at det skal bli starta nye band, og for at eksisterande band skal kunna utvikla seg må dei kunna øva i fred, seier Ole Sunde til Tysnesingen.
I regi av Lunde ungdomslag vurderer Sunde å laga til eit eigna lokale. Men fyrst vil han veta litt om interessen.
– Eg må veta litt meir konkret kor stort behovet er før eg set i gong. Det hadde vore kjekt om folk som spelar i band, eller som vil startar band sender meg ein SMS på tlf 45 66 7188, sluttar han.