Magi under vatn
14/11/2022 20:50
Tysnes dykkarklubb hadde i helga (12.-13. nov.) invitert til “Fridykker helg” i samarbeid med Bergen Fridykkerklubb. Me i dykkarklubben er stolt av å kunne sei at me no har aktivitets tilbud til Fridykkarane både på Tysnes og omegn også. Helga var ein suksess, og det blir nok mange fleire slike dykke-events i framtida.
Laurdagen begynte med at 9 engasjerte fridykkarar hadde samla seg på klubbhuset klar til briefing. Me gikk gjennom sikkerhetstiltak som bruk av VHF radio, Buddy-systemet og korleis alt skulle utførast. Deretter delte me oss opp i grupper på 4, og 1 båtfører. Me reiste så ut med båt utanfor Våge og dykka. Været var heilt suverent, og sikten under vann upåklagelig, mellom 15-20meter sikt! Tok ikkje lang til før første jubelen kom, da Joachim (13) fikk fanga ein relativt stor krabbe! Jakta var i gang og fangsten etter dykket var bra! Krabbe, skate m.m.
Fridykkarane vart henta inn igjen med båt til klubbhuset, og alle gleda seg til å tilberede fangsten til middag. Samtalen satt laust mellom dykkarane, og alle var nøgde med både dykk og middag. Middagen bestod av skate, torsk, ertestuing og fløtegratinerte poteter.
Nattdykket var i gong laurdag kveld. Alle fekk testa lyktene sine, samt lys på bøyer, og så sette dykket kurs mot Gjerslingane utanfor klubb huset. Under dykket fekk Javier Trengreid melding på Facebook frå nokre som budde i området, om at det var garn i område. Samtlige dykkere var utstyrt med VHF radio og fekk beskjed om dette under dykket. Dette var noko alle sette stor pris på å bli opplyst om, slik at dei kunne ta hensyn til dette under dykket. Joachim (13) kom i land smilande frå øyre til øyre med ei flyndre på ca 1,5 kg! Foreldra hans, Tor Olav Haugdal Kalberg og Elisabeth Tømt Kalberg kom med ein torsk på 4 kg.
Når alle var komt seg i hus igjen, var det mykje erfarings deling, småprat om samholdet blant dykkarar, og ikkje minst turen saman.
Søndags morgon kom, og alle var klare til å gå i vatnet igjen. Erfaringa var at natt-dykket var kjempe bra, så morgon-dykket gikk på samme plassen. -Noko som vart veldig vellykka!
For å sitere ein av fridykkarane : “Det er jo motorvei av lyr her!”. Dykke helga gjekk som ein drøm! Takk alle som deltok og gjorde helga uforgløymeleg!
Dykking på Tysnes kan godt beskrivast med eit ord : “Magi”!
Flott bildegalleri frå helga:
Foto: Tor Olav Hugdal Kalberg
Foto: Tor Olav Hugdal Kalberg
Foto: Tor Olav Hugdal Kalberg
Tekst og foto: Tysnes Dykkerklubb.