Røykvarslarar reddar liv
30/11/2009 08:27
Likevel går cirka 500 000 menneske i Noreg inn i denne månaden utan tilstrekkeleg varsling i tilfelle brann.
For å setje søkelyset på branntryggleik i heimen, vert kampanjen Aksjon bustadbrann arrangert i desember. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Norsk brannvernforening og Gjensidige står bak kampanjen, medan representantar frå brann-/feiarvesen, det lokale elektrisitetstilsyn og lokale Gjensidige-kontor står for den praktiske gjennomføringa. Lokalt er det Tysnes Brann og redning som står for gjennomføringa av kampanjen.
Større brannhyppigheit i jula har samanheng med stor aktivitet i heimen, med auka bruk av elektrisitet, levande lys og peiskos, i mange tilfelle også i kombinasjon med alkoholbruk
– Det er ei billig livsforsikring å ha røykvarslarar i bustaden. Røykvarslarar reddar kvart år minst 10-20 liv i Noreg, seier Brannmeister Torfinn Kongsvik.
Opptil 40 000 husstandar over heile landet får 1.-3. desember besøk av lokale brann-/feiarvesen og elektrisitetstilsyn, med tilbod om gratis og uforpliktande sjekk av el- og branntryggleiken i bustaden.
– Det dreier seg ikkje om eit tilsyn i vanleg forstand, men om ein enkel kontroll med rettleiing og informasjon. For bebuarane er sjekken frivillig, og kontrollørane vil legitimere seg når dei ringjer på, seier Torfinn Kongsvik.
Kvart husbesøk tek cirka 30 minutt med kontroll av følgjande forhold:
– Varslingsutstyr
– Sløkkjeutstyr
– Elektriske apparat og anlegg
– Eldstader og skorstein
– Rømingsforhold
Meir informasjon om førebyggjande brannvern finn de på www.aksjonboligbrann.no.
Kontaktpersonar lokalt
Brannmeister Torfinn Kongsvik 975 29 965
Feiar Jostein Meland 905 34 071
Kontaktpersonar sentralt
DSB: Avdelingsdirektør Tor Suhrke mobil 917 80 150
Gjensidige: Fagdirektør brann Odd A. Rød mobil 916 38 649
Norsk brannvernforening: Adm. direktør Dagfinn Kalheim mobil 977 59 029