Bergen Poker Run til Tysnes
19/8/2022 13:29
Om du tek turen til Våge på laurdag, kan du få sjå mange flotte båtar! Tysnes er i år eit av stoppa i løypa under årets Poker Run. Det er rundt 40 påmelde båtar som kjem til Våge ca kl 13-13.30.
Program for dagen ser slik ut:
Det vert førermøte og oppstart på Zachen kl 10, og oppsamling på Sandviksflaket. Fyrste korttrekk er på Hjellestad, så vidare til Vedholmen. I Våge er det planlagt korttrekk og lunchpause på Mandelhuset. Så går turen vidare til Klokkarvik. Deltakarane avsluttar dagen med festmiddag på taket av Zachen og det 5. og siste korttrekket.
Kva er Poker Run?
Poker Run er ikkje eit båtløp, men ein sosial samankomst der ein kjører ei oppsatt rute og samlar saman spelekort på vegen, og vinnaren er den med den beste poker-handa.
Båtane blir leia av ein paceboat/ ledebåt for å prøve å halde båtane mest mogleg samla gjennom dagen. Men i åpent farvatn kjører deltakarane fritt når flaggsignal blir gitt.
Bergen Poker Run.no fortel at dei i år kjem til å kjøre med to flagg system, der båtar under 50 knop startar fyrst og dei raskeste til slutt.
I løpet av arrangementsdagen samlar deltagande båtar inn 5 konvoluttar som inneheld eit speekort kvar. Desse konvoluttane vert opna under ein seremoni etter endt kjøring. I Bergen Poker Run er det premie for beste poker hand, men det er også premiar for Best in show, lengst reist, Årets havari ++
Alle foto gjengitt med tillatelse fra Bergen Poker Run.