Kunstutstilling

Publisert av:
18/11/2009 19:50

Det er bror og søster Magne Kjellesvik og Britt Kjellesvik Rage, respektive  biletkunstnar og dokkemakar. Dei vaks opp på Tysnes. Med seg har Magne borna Elisabeth og Anders, medan Britt har med dottera Jorunn. Til saman utgjer dei stor kunstnerisk  spennvidde.

Magne Kjellesvik har sidan 1976 budd og arbeidd på Stord. Han har utdanning frå m.a. Kunsthøgskulen i Bergen, og skulle vera godt kjent for dei fleste med sin grafikk og akvarellar. Magne har hatt 45 separatutstillingar,  har delteke på ei rekkje juryerte utstillingar og er innkjøpt av m.a. Norsk Kulturråd, Bergen Billedgalleri og Haugesund Billedgalleri.

Britt Kjellesvik Rage har i mange år drive Dokkegalleriet, som er eit kombinert dokkemakarverkstad og galleri. Ho samlar også opplysningar om eldre draktmateriale, har halde foredrag og skrive artiklar om emnet og har spesialisert seg på dokker i folkedrakter. Dokkene hennar har vore omtala i både norske og utanlandske tidsskrift, ho har delteke på ei rekkje kunstutstillingar og dokkene har vore stilt ut på museum.

Elisabeth Kjellesvik er i ferd med å ta mastergraden ved Kunstakademiet i Trondheim. Elisabeth har delteke på Take Off på galleri Brandrstrup i Oslo, vore meddriver og initiativtaker til kunstfestivalen “Feminism Now?!” i Trondheim og delteke på ei rekkje kollektivutstilinger, m.a. Slum Søstrene på Badet i Oslo og arrangert kolleaktivutstillinga
STRADA SERVICE i ein nedlagt bildekk-butikk i Oslo.

Anders Kjellesvik som har utdanning frå Kunsthøgskulen i Bergen og frå kunstakademi m.a. i Finland og Danmark,  bur og arbeider i Berlin. Anders har delteke på utallege utstillingar i inn- og utland, m.a. Biennale og Sydney 2008, GAD (Oslo) og Palais de Tokyo (Paris) og er innkjøpt av Malmö Konstmoseum, Statoil og fleire private samlare.

Jorunn Kjellesvik Rage vaks opp på Tysnes. Jorunn tek bachelor i Møbel – og romdesign ved Kunsthøgskulen i Bergen og har m.a. tidlegare studert eitt år keramikk ved same skule.

Laurdag 21 og søndag 22. november kl 12 – 17  kan publikum sjå utstillinga i Dokkegalleriet, ved Våge på Tysnes.