Haustmøte i Tysnes Skogeigarlag
13/11/2009 13:42
Vestskog ved Olav Taskjelle vil orientere om hogst av Furu. Vestskog har hatt ei prøvedrift med eksport av furu og Olav vil snakke om korleis det har gått. Her på Tysnes har me jo mykje furu ståande rundt omkring og dersom eksport av furu vert vellukka er det gode mogelegheiter for fleire drifter på Tysnes.
I tillegg vil Vestskog presentere Øyvind Jacobsen som er den som no har ansvaret for Tysnes som hogstområde for Vestskog.
Åsmund Austarheim har skreve hovudoppgåve på Landbrukshøgskulen på Ås om skadane hjort gjer i granskog på vestlandet. Hjorten skader granskogen mange stader på Vestlandet. Barkgnag fører til råte, nedsett verdi på tømmeret og uønska avgang av tre. Men hjorten er også ein viktig ressurs for jakt og rekreasjon. Dermed gjev den en betydelig inntektsmuligheit. Dette kan gje konflikt mellom skog- og jaktinteresser og er en viktig utfordring for forvaltning av hjortebestanden.
Etter innlegget håpar me at deltakarane vil vere med på ein diskusjon om hjort og skog.
Møtet vert torsdag 19 november kl 19.30 på Uggdal Skule og det vert servering av haustgryte.