Mimrefest

Publisert av:
3/11/2009 10:39

Olav Kaastad leia festen på sin alltid godt forberedt og stødige måte, og med sine “litt på kanten” gode vitsar fekk han både latteren og applausen til
å sitja laust i salen.

Etter eit flott måltid  med koldtbord som Juniane v Lunde hadde laga ,var det underhaldning , musikk og dans med Stig Arild.
Det var  fleire av gjestene som nytta seg av å halda tale med mimring frå korpsets spede byrjing og fram til no,mange gode historiar vart fortald. Det har vore mykje lått og løye på øvingar og samlingar. Det har også vore tunge tak på godt og vondt, men heldigvis har dei alle fleste enda godt.
Det sosiale og ikkje minst samhaldet i korpset og den følelsen ein har av å bli sett og tatt vare på har vore heilt unikt i røde kors.

Festkomiteen hadde også god kontroll på dei som skulle ha merke, og tre av dei som fekk 25 års nål for lang og tru tjeneste var Asbjørn Jensen, Margrete Kaastad
og Solveig Fagerbakk.
Det var utsendt representant for Hordaland røde kors distriktsråd Alf Magne Tveit som stod for utmerkelsen.
Dei fekk flott applaus for den kjempe innsatsen som dei har gjort for korpset, og ikkje minst for Tysnessamfunnet og i distriktet og alle personar som dei har gjort sitt for
å finna i god behold i aksjonsamanheng. Dette står det respekt av.

Dugnadsgeneral og Komitee`leiar for festen Erna Drange ,seier att det var medlemmar som ynskte å komma saman til ein mimrefest. Sjølv om det såg spøkje ut ei stund
med påmeldingar var dei fast bestemt på att fest skulle det bli uansett. Og ein flott fest blei det!!

Foto: Odd Arild
ref: Anne