Bildehuset opna

Publisert av:
31/10/2009 12:26

“Bildehuset” ligg i lokala til det gamle postkontoret til 5690 Lundegrend.

Det er Bronwyn Bakke frå Johannesburg i Sør-Afrika som står bak “Bildehuset”. Ho er ein erfaren fotograf som tidlegare mellom anna har jobba som fotograf på cruiseskip i Karibia.

Bakke har alt fått eit godt ord på seg som fotograf også på Tysnes, noko som viste att under opninga i dag. Her var skuelystne og interesserte tysnesingar frå heile øya møtt fram, og Bakke var i full gong med bestillingar då Tysnesingen kikka innom.

Dersom du er interessert i Bronwyn Bakke sine tenester, kan du kontakta ho i “Bildehuset” på telefon 90643307 eller 53431249. E-post: bildehuset@me.com.