Tysnes Bygdekvinnelag og Tysnes Sogelag skipar til ein heildagstur til Finnøy
Torsdag 19. mai 2022
Vandring i Bedehusland – ei kulturhistorisk reise med glimt i auga
Fyrste stopp er Lauvsnes Gartneri med omvising og bevertning.
Så vert det tur innom sølvsmia på Finnøy og middel alder kyrkja på Hesby.
Middag med god heimelaga mat og kaffi.
Til slutt vert det Bedehusrevy med basar som i gamle dagar.
- Buss frå Tysnes skule Kl. 07:00. Ferje frå Hodnanes Kl. 07:50.
- Bussen kan ta på passasjerar undervegs til Hodnanes etter avtale.
- Det er mogeleg å parkera ved Tysneshallen eller ved Tysnes bedehus
Pris 1270.- alt inkludert
Påmelding innan 20. april til Kjersti Godøy på telefon 934 28 951 eller
på e-post: kjersti@wallem.net
Det er mogeleg å vera med sjølv om du ikkje er medlem i laga.