Publisert av:
23/10/2009 13:51
“X faktor”
For dei som føl med på “X faktor” så kjenner du kanskje til namnet Inger Lise Hope? Ho er medlem av jentegruppa “Shackles” og dei er ein av finalistane i TV2 programmet.
Inger Lise Hope har anar frå Tysnes. Ho er barnebarn til Egil og Margun Hope, og oldebarn til gamle lærar Alfred Hope for dei som huskar tilbake.
Ho tilbrakte kvar sommar på Tysnes frå ho var baby. Det er tremenning Ragnhild Gjerstad som opplyser dette til Tysnesingen, og som kryssar fingrane for at “Shackles” når langt i “X faktor”.