Orienteringsmøte
13/10/2009 18:58
Orienteringsmøte –
Korleis kan Du nytta Inkubatoren på Tysnes?
Tid: Onsdag 21. oktober 2009 kl. 1800
Stad: Kontorhotellet/Inkubatoren
hos Vågen AS i Vågsmarka 9 (ved sida av Windsor).
Den viktige bodskapen frå Tysnes Inkubatoren er:
Du treng ikkje stå åleine med alle dei utfordringane det er å koma i gang med ei ny verksemd, med mindre det er det du verkeleg ynskjer!
Prosjekt 3012 har arbeidd nært saman med Atheno as, Tysnes Kommune og svært interesserte næringslivsfolk på Tysnes for å få på plass denne tenesta her på Tysnes. Me er overtydd om at nær tilgang til ei slik Inkubator-teneste vil vera viktig for utvikling av næringslivet på Tysnes. Som ein arm av den Distribuerte Inkubatoren på Stord (Atheno as) vil dette medverka til at fleire oppstartsverksemder kan lukkast her hos oss. Med lokalitetar i lokalmiljøet viser ein at det er svært kort veg. Nærleik til eit miljø som mest av alt ynskjer å gje hjelp og støtte for etablerarar i den fyrste kritiske oppstartstida for ei ny verksemd, ja endåtil før ein har konkludert med at det er ein forretningsidé å satsa på.
I arbeidet med etableringa av Inkubatortenesta på Tysnes er det no viktig for oss å koma i kontakt med personar som er i ulike tilstandar av etablerarfasen. Ja, det kan endåtil ha interesse for deg som er komen i gang og driv di etablerte verksemd.
Me meiner at dette møtet er for deg som:
– ber på idear som du kanskje lurer på om er gode,
– kanskje er usikker på kva som skal til for å koma i gang,
– har konkludert med at du vil starta opp eigen verksemd,
– allereie er i gang med oppstartinga
– står ved ein korsveg med den nye verksemda di og lurer på vegen vidare
– er etablert og har idear/oppgåver/mogelegheiter som du ikkje har tid/kapasitet til å gjera noko med (knoppskyting)
På dette møtet vil me fortelja deg om dei måtar du kan få hjelp/støtte gjennom eit forhold til Inkubatoren på Tysnes.
Her vil me forklara litt om prosessane ved å etablera ei verksemd. Vidare kva former for hjelp og assistanse som er å finna i offentlege tilskot og liknande. Me vil orientera litt om kva kostnader ein kan pårekna. og då også om korleis kostnadsbiletet for deg vil vera for ulike tilknytingsformer til/assistanse frå Inkubatoren.
Ein ting er sikkert, nemleg at det finns tilgang til ein god del svært rimeleg hjelp.
Og dette orienteringsmøtet er i alle høve gratis.
I den tidlege fasen der du kan vera utrygg på kva verdi som ligg i den ideen du ber på. Då kan det vera godt å kunna snakka sakleg om dette med andre og i fellesskap finna ut korleis ein kan avgjera dette.
Me vil også snakka om diskresjon og korleis dei som arbeider i nettverket rundt Inkubatoren er pålagt restriksjon i å omtale eller nytta den informasjonen ein kjem borti. For følsam forretningsinformasjon vil det vera teieplikt
Det vert ikkje presse tilstades på dette møtet.
Vel møtt!