Publisert av:
13/10/2009 11:47
Offisiell opning
Det var program av ulikt slag då “nye” Uggdal skule i dag offisielt vart opna.
Gymsalen var fyllt til randen. Skuleelevane og barnehageborna stod for både innmarsj og utmarsj ved opninga.
Det var barnesong, kornettspeling, dans og diktlesing av rektor. Dessutan song Remi Teigland Gundersen solo på “Anna Knutsdotter” til stor applaus frå salen.
Så var det nøkkeloverlevering og talar frå Atle Andersland, Reidar Nesse og Helge Hauge.