Publisert av:
12/10/2009 13:43
Påminning Tysnesmessa
Så langt har seks bedrifter meldt seg på. I tillegg kjem vidaregåande skular frå Os, Fusa, Stord, Fitjar, Austevoll og Vindafjord.
Messa bør visa ei breidde i næringslivet for at elevane skal kunna danna seg eit bilete av kva yrke og bransjar som er i Tysnes og nærområdet. Me er difor avhengoge av at fleire melder seg på for at messa skal finna stad.
Nærare opplysningar og påmeldingsskjema finn du på heimesida til kommunen!
Åsta Hansen, Lars Atle Aase og Helge Hauge