Uavgjort og 2.plass

Publisert av:
3/10/2009 16:58

På ein vannvittig sørpete og blaut bane på Reiso i dag enda det 2-2 mellom Njardar/Tysnes og Nore Neset. Det eine poenget gav Njardar 2.plassen.

Nore Neset hadde det meste i 1.omgong. Njardar fekk ikkje spelet til, og gjestane var effektive. Dei tok leiinga etter berre fem minutt. Halvvegs ut i omgongen vart Torbjørn Onarheim felt inni 16-meteren, og han sette sjølv straffa sikkert i nota.

Men Nore Neset trykka på og ein retur ut til om lag 20 meter vart ekspedert i nota av ein Nore Neset spelar. Njardar la om taktikken i 2.omgong med å spela meir direkte i bakrom. Dette gav ei mengde store sjansar og berre ein svært god Nore Neset keeper hindra Njardar scoringar.

Til slutt kom utlikninga då Ørja Malkenes steig til vers og heada vakker i nota. Njardar trykka på mot slutten, men det enda med poengdeling. Men svært god innsats utover i kampen av heimelaget og ein god avslutning på sesongen.

– Kjartan Hagen, Terje Vevatne (Håvard Drange i 15), Knut Sigve Gjerstad, Ronny Hagen, Fredrik Winther, Ørjan Malkenes, Torbjørn Onarheim, Roy Inge Korsnes, Nils Eivind Hansen, Gunnar Hansen, Vidar Storesætre (Tommy Bjørkelund i 10).