Tur til Bømlo Kulturhus

7. desember kl. 09:00

Tysnes Kommune ved Kulturkontoret, frivilligsentralen og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne og eldreråd, inviterer på
Minibusstur 7. desember til Bømlo Kulturhus på Svortland.
Avgong klokka 09:00 frå kommunehuset i Uggdal.

Tema: DYRKA ELLER DØMD
Bømlo Kulturhus, tysdag 7. desember kl 1100
Fordommar og fordømming i krig og fred på grunnlag av rase og genetisk opphav.
Korleis oppstod nazistane sin idé om å utrydda alle jødar og å opphøgja den ariske rasen? Konservator Helge Pedersen vil i sitt foredrag skildra det historiske bakteppet av raseideologi og rasehygiene og kva nazistane eigentleg bygde sin ideologi på.
Formidlingsleiar Johanne Øvstebø Tvedten vil fortelja Karin Maria si livssoge som dotter av ei ung mor frå Bergen og ein tysk soldat som vart send til Alakurti i Finland. Forteljinga byggjer på eit intervju Tvedten fekk gjera i 2018. Ho vil også visa bilete frå Karin Maria og mora sine liv.

Påmelding innan 5. desember
e-post: per.verner.aase@tysnes.kommune.no
Eller SMS til tlf. 995 65 928
Merk påmelding med “Senioruniversitet”