Publisert av: May Britt Meland
13/11/2021 17:57
Positiv hurtigtest på omsorgssenteret
Tysnes kommune har i dag oppdatert status på den pågåande smitteutbrotet på Tysnes, og skriv dette på sidene sine:
Kjent smitteveg
Ein bebuar på Tysnes omsorgssenter har fått påvist koronasmitte med hurtigtest. Dette er ein bebuar på avdeling Fjorden. Smittevegen er kjent.
Avgrense besøk
Tysnes omsorgssenter har satt i gang lokale smittetiltak og ønskjer å avgrense besøk dei nærmaste dagane. På Fjorden er det ønskjeleg at besøk vert avgrensa til det som er heilt naudsynt.
God vaksinedekning
Dei fleste bebuarane ved omsorgssenteret er vaksinert med tre dosar kornavaksine.