Få ulukker

Publisert av:
22/9/2009 16:36

Første åtte månader i 2008 og 2009 var det berre ei meldt trafikkulukke i kvart år. Det var to skadde både i 2008 og 2009.

Det er statistikk frå SSB som viser desse tala. I fylket vårt går det fram at Tysnes har færrast trafikkulukker.

Ikkje uventa er det flest i Bergen (239 ulukker jan-aug 2009), medan nabokommunar som Stord og Os hadde h.h.v. 12 og 17 ulukker.

I Hordaland fylke har det vore ein vekst i både trafikkulukker og skadde. På landsbasis har det vore ein reduksjon.