Rebekka med sin trufaste turvenn TIlla.

Nyt hausten

Publisert av: May Britt Meland
6/10/2021 21:16

Etter ein hektisk og kjekk sesong på Årbakka Handelstad kan driftar Rebekka Høgestøl no gleda seg over hausten. Hausten byr på fine dagar og kvalitetstid i den vakre tysnesnaturen, både til vanns og til fjells.  Det vert mange turar i fjellet og padleturar på sjøen, anten aleine eller i lag med gode turvener.

Vakker hausthimmel!

 

Kvardagen er framleis aktiv for leiaren i Tysnes Turlag. I tillegg har Rebekka eit brennande engasjement for å ta vare på og nyta den fantastiske naturen vi har rundt oss.

Ein tur til Vasstølen er alltid kjekt både for to og firbeinte!

 

Og……ein perfekt avslutning på ein fin tur, er eit bad i Klubben. Rebekka fortel at ho på denne tida badar ein gong i veka, når vinteren kjem vert det bading ein gong i månaden.

Etter ein nydeleg padletur er det godt med ein dukkert!