Tysnes Sparebank samlar drifta i eitt lokale
16/9/2009 05:57
Med samlokaliseringa ønskjer Tysnes Sparebank å:
• Gje kundane best moglege tenester, tilbod og vilkår
• Styrkja posisjonen til banken
– Det er endringar i behova til kundane og krav til moderne og effektiv bankdrift som gjer at styret ikkje kan oppretthalda dagens filialstruktur, seier styreleiar Leif Magne Hovland.
I dag held kundane i stor grad kontakten med banken gjennom telefon, e-post og nettbank. Færre oppsøkjer dei tre bankkontora.
– Me innrettar oss no etter dette bruksmønsteret. Samstundes må me tilpassa bankdrifta til krav om soliditet, kompetanse og lågare kostnader – for å vera konkurransedyktige i marknaden. Å samla kompetansen og leggja til rette for meir effektiv drift gjennom ei samlokalisering i Våge, vil sikra Tysnes Sparebank som ein solid lokalbank og viktig samfunnsaktør også for framtida, legg Hovland til.
Banksjef Siri Berggreen seier Tysnes Sparebank framleis skal tilby banktenester på like mange stader på Tysnes som i dag.
– Bankbilen vår held fram i ruta rundt i kommunen som før. Etter omlegginga utvidar me også ruta med stoppestader i Lunde og Uggdal, opplyser Berggreen.
For å kunna gje kundane eit utvida og betre tilbod, skal det nye hovudkontoret i Våge moderniserast og rustast opp. Lokala vil stå klare sommaren 2010. Ein plan for det vidare arbeidet med dette er under utarbeiding.
For meir informasjon, kontakt
Siri Berggreen Leif Magne Hovland
Banksjef Styreleiar
Tlf. 53 43 03 01
Mob. 975 24 984 Mob. 412 12 193