Publisert av:
8/9/2009 19:36
Ruskavér
Folk frå Tysnes Kraftlag måtte rykkja ut i halv sju tida i ettermiddag, då eit tre måtte gje tapt for vindkasta og la seg over ei linje ved Økland i Lunde.
Andre plassar kunne ein sjå at vogner og hagemøblar vart surra fast, medan andre rett og slett berre rydda unna slik at ting ikkje skulle fyka gjennom lufta.
Det var varsla stiv og sterk kuling utover tysdagen.