Han er rusjen på sjød`n i dag
29/8/2009 15:10
Det rauk opp til nordvest kuling i går, og hotellplattforma MSV Regalia, som husar dei om lag 300 ekstramannskapa på Valhall, måtte kopla frå å leggja seg på fjorden for å venta på at bølgjer og vinden skal løya.
Ekstrabemanninga på Regalia arbeider med å klargjera for det nye valhallsenteret som etter planen skal på plass om vel eit års tid. Ventetida vert nytta til så mangt, ludo og kortspel, trimming og lesing, men mange kjedar seg sikkert også. Dette er ei av mange sider med det å jobba i uljo.
For dei som vil vita meir om MSV Regalia så kan dei klikka på denne linken. http://www.prosafe.com/category.php?categoryID=137
Bilete viser Hotellplattforma som ligg og stampar aust for Valhall. Den grå gangbrua øvst til venstre på bilete, er gangvegen som vert kopla til Valhall.