Tysnesmessa – yrkes- og utdanningsmesse
28/8/2009 09:46
Eit anna mål er at bedriftene kan få presentera seg sjølv og kva dei driv med. I tider kor det vert knapt om ein del arbeidskraft, er dette nødvendig.
Me vil også invitera bedrifter i nærområdet utanfor Tysnes til å marknadsføra seg på messa.
Dei vidaregåande skulane i Os, Fusa, Stord, Fitjar og Austevoll får også invitasjon.
Bedrifter, Tysnes skule og Tysnes kommune står som arrangør av messa. Nemnda har fått gode tilbakemeldingar frå tidlegare messer både frå utstillarar, elevar og andre besøkjande.
På messa i 2008 la me inn eit miniseminar for utstillarane i pausen mellom opningstidene. Reaksjonane har gjeve meirsmak, og nemnda arbeider for å få tak i foredragshaldarar på eit tilsvarande seminar i år.
Bedrifter vert inviterte gjennom annonse på heimesida og i media. Deltakarar på tidlegare messer får tilsendt skriftleg invitasjon. Påmeldingsfristen er sett til fredag 30. oktober.
Me arbeider med å fornya arrangementet litt, men i hovudsak vert opplegget som tidlegare
Kl. 0800 vert Tysneshallen opna for tillaging av stand
Kl. 1100 opnar messa og held open fram til kl. 1400.
Kl. 1400 – 1645 Mat og seminar
Kl. 1700 – 2000 Messa er open
Meir informasjon kjem i første halvdel av september.
Åsta hansen, Lars Atle Aase og Helge Hauge