Resultater
25/8/2009 20:31
Søndag reiste damelaget til Njardar til Bremnes. Det var ein bra gjennomført kamp og Njardar-damene kunne reisa heim att til Tysnes med 6-1 siger.
Njardar-damene opna imidlertid kampen noko nølande og låg under 0-1 i starten. Men etterkvart jobba Njardar seg inn i kampen og fekk til fleire fine angrep. Det var ingen tvil om kor sigeren ville hamna og med litt meir presisjon kunne damene vunne meir. Karoline Dalen, Marita Lie Nesse 2, Torunn Belt 2 og Ane Vermedal scora måla, melder njardar.no.
Njardar G97 møtte i dag Søre Neset på Reiso graset. Gjestane frå hi sio av Bjørnefjorden opna best og leia 3-0. Men Njardar kom tilbake og tre raske mål frå Arild Ebbesvik gav 3-3 og ny spenning i kampen.
Men i dei siste ti minutta av kampen rakna det litt defensivt, og Søre Neset fekk seg tre mål til og dermed 3-6 tap for Njardar-gutane.