Mange på show med Rune Larsen & Co

Publisert av:
21/8/2009 19:31

Klokka 20.30 i kveld opna Rune Larsen og Helge Larsen showet. Då hadde Tysnes Musikklag alt selt 400 billettar – og framleis seig det på med folk. Dermed har Tysnes Musikklag igjen truffe blink med arrangementet sitt.

Showet “Save the last dance for me” var kveldens fyrste godbit. Her serverte Rune Larsen & Co låtar hovudsakleg frå 60-talet. Publikum var med frå fyrste tone – noko som fall i god jord hos artistane, som meinte det var mykje betre respons i Tysneshallen enn i Os kvelden før.

Når showet er slutt er det klart for dansegallen. Då spelar “Gruppesax” for ALLER siste gong. Truleg vil fleire danseglade koma til hallen utover kvelden/natta slik at hallen vert enno meir oppfylt med folk.