Illustrasjonsbilete

TOTALFORBOD MOT OPEN ELD I TYSNES KOMMUNE

Publisert av: Martha Nygård Lande
4/6/2021 10:00

Med heimel i brannforebyggjandeforskrift § 3, innfører brannsjefen totalforbod mot open eld i Tysnes Kommune.

Årsaka er stor fare for gras og lyngbrann. Det er og redusert kapasitet i regionen etter større hendingar dei siste dagane.

Forbodet gjeld inntil vidare.

For generelle reglar for bålbrenning utanfor totalforbodsperioden, sjå kommunen sine heimesider.