Uavgjort i toppoppgjeret

Publisert av:
16/8/2009 19:26

A-laget låg under to gonger mot Lysekloster, men kom tilbake begge gongane og fekk dermed med seg dei eine poenget tilbake til Tysnes.

Det var ein tett og jamn toppkamp på krøllgraset til Lysekloster i dag, der heimelaget tok leiinga etter ein dødball. Njardar svara berre minuttet etter. Torbjørn Onarheim la eit perfekt frispark mot bakerste stolpe der Magnus Bakke breisida elegant ballen i mål.

1-1 til pause. Lysekloster gjekk halvvegs ut i 2.omgongen opp til 2-1 etter litt klabb og babb i Njardar-feltet. Like etter fekk Lysekloster straffe, men Kjartan Hagen fekk slått ballen i tverrliggjaren. Njardar køyrde på mot slutten og fekk sjølv straffe då keeper rende ned Christian Frugård. Bakke var sikker frå 11-meteren og dermed 2-2.

Tomålscoraren reiser no til studier i København, så Njardar får diverre ikkje han med i fleire kampar i år. Banens beste var imidlertid Ronny Hagen som var STOR i midtforsvaret, og tok fullstendig stjernespissen til Lysekloster ut av kampen.

Laget: Kjartan Hagen, Gunnar Hansen (Nils E. Hansen i 15), Eivind Skorpen, Ronny Hagen, Fredrik Winther, Ørjan Malkenes (Helge Flornes i 10), Thomas Hagen, Magnus Bakke, Torbjørn Onarheim (Terje Vevatne i 45), Christian Frugård, Roy Inge Korsnes.