Ny person bekrefta smitta laurdag
20/3/2021 14:13
Nytt påvist tilfelle 20.3.21
Ein person på Tysnes fekk i går, fredag, påvist koronasmitte.
Smittevegen er kjent. Vedkommande vart smitta i Bergensregionen.
Ny person bekrefta med koronasmitte
Ein av nærkontaktane har fått påvist koronasmitte. Dette er ein person i nær relasjon til personen som var bekrefta smitta i går. Smittesporing pågår.
Det er no tilsammen to bekrefta tilfeller med koronasmitte på Tysnes siden fredag.
Nærkontaktar i karantene
Det er så langt registrert 40 nærkontaktar på Tysnes som er i karantene.
Du kan finne meir informasjon om karantene på helsenorge.no.
Utvida testkapasitet
Det er lagt opp til at nærkontaktar med symptom vert testa i løpet av helga. Det er også planlagt for auka testekapasiteten frå måndag.
Sjekkes for mutert virusvariant
Prøven vil bli sjekka for mutert virus. Det er per no ikkje komt svar på om det er snakk om ein mutert virusvariant.
Kommunen sin side vert oppdatert ved utvikling
Me vil oppdatere med informasjon på kommunen sin heimeside om situasjonen utviklar seg.
Oppmodar alle om å være eksta nøye med smittevern
Tysnes kommune vil oppmoda alle om å være ekstra nøye med å følge gode rutiner for smittevern.