På Todløyo

Publisert av:
30/7/2009 21:05

Kobbe og nise var vanlege gjester i sundet, og i vindstill sjø kunne me sjå når kvitingen beit på blåskjelagnet. Hendevis var òg makrellstørja ein tur innom. Me grov opp horpelok (daude kamskjel) som ofte var så fine på let at dei vart ståande som pynt heime i stova. Me sette krabbateiner, og me rodde for livet for å nå bort til palevoa med trolldorga før voa vart borte.

Færingen me ferdast i var vorten til under sproene i naustet i Kalvavikjo. Der heldt onkel Jørgen til i familietradisjonen som båtbyggjar. Den siste færingen hans forlet kjølrenna i 1980, og etter den tid har klinkhammaren lege ubrukt.

På eit av bileta er ein av dei siste færingane han laga ved stranda på Todløyo. Den ligg ved restane av det som var bryggja til ”Todløy-Johannes’n” – Johannes Hetlelid. Inne mellom granane rett ovanfor stranda står framleis murane etter stova og uthuset han og kona Inga sette opp kring 1890. I stova kom det etter kvart 8 born. Ved rydding av Todløyo hadde dei jord til matpoteter og fôr til ei ku. Det var ikkje mange åra dei vart buande der. I 1908 kjøpte dei bruk 2 i Skjellevik – i 1918 også bruk 1.

Todløyo har truleg namnet frå skottehandelen si tid. Det var jo i så måte ein veleigna stad i Skjelleviksundet som tollstad for skotteskipa.