Tysnes brann og redning øvde på ulike redningsteknikkar på is. Foto: Anders Amland

Viktig og nyttig øvelse

Publisert av: May Britt Meland
13/1/2021 22:05

Tysnes brann og redning gjennomførte tysdag, 12. januar, øvelse i overflateredning på is.

 

Øvinga byrja med at ein laga til ein case for mannskapa. Eit lag på 4 rykka ut frå brannstasjonen etter melding om rop om hjelp frå Svevågen i Våge.

Store delar av Svevågen er no islagt. Dette er saltvanns-is som er i konstant bevegelse. Saltvanns-is er meir fleksibel enn ferskvannsis, men kan vera svært uforutsigbar.

 

Under øvinga vart ein overflatereddarar raskt sendt ut på isen, og fekk kontroll på markøren/ den som spelte forulykka.

 

Dei andre klargjorde øvrig utstyr for å kunne frakta pasienten trygt til land.

Etter at laget hadde løyst casen og gjort redning, øvde ein på eigen redning og ulike redningsteknikkar på isen.

 

 

Alle foto: Anders Amland